47 millionar kroner til bulyst 2011

– Regjeringa ser det som viktig ? st?tte opp om det sterke initiativet og engasjementet som er rundt i landet n?r det gjeld lokal samfunnsutvikling. Eg er glad for ? kunne gje 47 millionar kroner til tiltak som handlar om bulyst og attraktive lokalsamfunn, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet har motteke evalueringsrapporten fr? den nasjonale sm?samfunnssatsinga som gjekk i perioden 2006-2009. Den syner at slike nasjonale satsingar verkar. Det skaper engasjement og mobilisering, og styrker motivasjonen for ? drive lokalt utviklingsarbeid.
No er det klart for ei ny utlysing av midlar til lokale og regionale bulystprosjekt. P? bakgrunn av den gode responsen Kommunal- og regionaldepartementet fekk p? bulystsatsinga i fjor, og rapporten fr? den nasjonale sm?samfunnssatsinga, har regjeringa i 2011 sett av 47 millionar kroner, 15 millionar meir enn i 2010. Dette skal g? til regionale og lokale utviklingsprosjekt i heile landet.
– B?de sm?samfunnssatsinga og bulyst syner det store mangfaldet som finst av aktive og engasjerte folk i Noreg som har eit stort hjarte for sine lokalsamfunn. Eg er difor glad for at eg kan vere med ? legge til rette for at det skjer so mykje positivt i norske bygder, seier Navarsete.
Det er mange spanande prosjekt som allereie er sett i gang etter 2010 tildelinga. ?Seljord og sogene? og ?Naturgledekommunen Rauma? er til d?mes to framtidsretta prosjekt som syner det kulturelle mangfaldet som er ein viktig byggestein i attraktive lokalsamfunn. Eg gler meg til ? sj? kva som kjem i samband med denne nye utlysinga, seier statsr?den.
– I denne utlysinga fokuserer vi sterkt p? prosjekt som skal leggje til rette for integrering av innvandrarar til distriktsomr?de. Vi ser at mykje av folkeveksten i Noreg kjem fr? innvandring fr? utlandet. Det er viktig at alle f?ler seg velkomne, og at dei vert godt integrerte i dei lokalsamfunna dei kjem til. Vi treng fleire hender og flinke folk i ?ra framover, og for mange bygdesamfunn kan nye tilflyttarar vere ein positiv tilvekst, avsluttar statsr?d Navarsete.
Ved ? g? inn p? www.distriktssenteret.no sine sider kan eit f? eit godt innblikk i dei prosjekta som fekk midlar i fjor.
For meir informasjon om utlysinga for 2011, sj? www.regjeringen.no/bolyst
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.0000

Authors

Related posts

Top