F?resl?r meir openheit og betre eigenkontroll

Departementet gjev ut ein ny rettleiar om regelverket for interkommunalt samarbeid. ? God kunnskap om interkommunale samarbeidsmodellar er viktig for at kommunane skal kunne treffe medvitne val av samarbeidsform, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.
Rettleiaren gjev ei grundig framstilling av vertskommunemodellen i kommunelova. I eit vertskommunesamarbeid gjer fleire kommunar avtaler om at ein av desse tek p? seg ? utf?re oppg?ver for dei andre kommunane i samarbeidet.
Med denne rettleiaren f?r kommunane eit verkty for ? kunne vurdere om vertskommunemodellen er ein aktuell samarbeidsmodell. I tillegg vil den ?g gje svar p? kva som skal til for ? opprette eit vertskommunesamarbeid som im?tekjem lova sine krav.
– Eit viktig m?l med rettleiaren er ? vise kva organisatorisk handlingsrom kommunane har innanfor vertskommunemodellen, og at modellen gir fleksibilitet til ulike lokale l?ysingar, seier Navarsete.
Sj?lv om rettleiaren har vertskommunemodellen som hovudtema, gir den ?g ei kort innf?ring i andre lovfesta modeller for interkommunalt samarbeid. Navarsete har varsla at regjeringa til hausten vil leggje fram forslag om ? lovfeste ogs? samkommunemodellen.
– Regjeringa er oppteken av ? tilby kommunane gode verkty dei kan nytte for ? samarbeide om velferdstenester. I en samkommunemodell vil kommunane kunne samle og systematisere dei ulike samarbeidsomr?da sine, seier Navarsete.
– Eg vil oppfordre kommunane til ? leggje vekt p? god folkevald styring og kontroll n?r dei etablerer ulike samarbeid, ikkje minst p? s? viktige omr?de som helse og velferd, seier statsr?den.
Rettleiar om vertskommunemodellen
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.0000

Authors

Related posts

Top