Partier

Framleis gode resultat og gode tenester i kommunane i 2010

Kommunane leverer gode tenester p? skule, omsorg, barnehagar og barnevern. Det syner heilt ferske SSB-tal for 2010. ? I tillegg opprettheld kommunesektoren gode ?konomiske resultat, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
KOSTRA-tala fr? SSB syner at kommunane har sytt for at det har blitt 6 200 fleire ?rsverk i kommunesektoren i 2010. Av dette har 5 600 ?rsverk kome i kommunane og 600 i fylkeskommunane.
– I pleie og omsorgssektoren har det blitt 3 300 nye ?rsverk. Dette er eit godt bidrag til m?lsettinga i omsorgsplan 2015, seier Navarsete. I tillegg ser vi at det blir fleire legetimar per uke per bebuar og dette er eit teikn p? betre kvalitet og tryggleik i tenestene.
Fleire barn har f?tt plass i barnehagar. Delen barn fr? eitt til fem ?r med barnehageplass er auka fr? 88,5 prosent i 2009 til 89,2 prosent i 2010.
Netto driftsresultat er den viktigaste indikatoren for ?konomisk balanse. Resultatet for heile sektoren i 2010 er p? 3,2 prosent, noko som er litt betre enn for 2009. I hovudsak er det fylkeskommunane som har forbetra driftsresultatet til 8,7 prosent i 2010. Dette har samanheng med forvaltningsreforma. Kommunane (utan Oslo kommune) har eit netto driftsresultat p? 2,3 prosent, medan Oslo kommune hadde eit netto driftsresultat 1,1 prosent. Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal ?konomi meiner sektoren over tid b?r ha eit netto driftsresultat p? om lag 3 prosent.
– Regjeringa har sytt for sterk vekst i kommunane sine inntekter dei siste ?ra med ein vekst p? 47 milliardar kroner og 46 300 nye tilsette. No ser vi resultat gjennom ein framleis aktivitetsvekst, samstundes som den finansielle stillinga er stabilt god. Situasjonen er likevel ulik fr? kommune til kommune. Difor er det viktig at kvar kommune legg opp sin aktivitet etter sin ?konomiske situasjon, seier Navarsete.
Statistisk sentralbyr? (SSB) har ferske kommunetal fr? KOSTRA.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 000000

Similar Posts