Innlegg av samferdselsministeren om kollektivtransport

Vi viser til oppslag og debatt om kollektivtransport i det siste og sender difor innlegget “Regjeringa satsar p? kollektivtransport” av samferdselsminister Kleppa. Vi ser gjerne at innlegget kjem p? trykk s? snart som mogleg.
Til redaksjonen
Regjeringa satsar p? kollektivtransport
Av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

2009 var ?ret d? 300-milionarsgrensa blei broten for talet p? busspassasjerar. Det er 10 millionar meir enn ?ret f?r. Denne utviklinga m? halda fram! Kollektivtrafikk reduserer klimautslepp og lokale utslepp, gjer kvardagen enklare for folk og sikrar betre framkome ? tre sv?rt gode ting p? ei gong. Folketalet i byane veks, og det vil det ikkje vera nok areal til eit effektivt vegsystem basert p? auka bilbruk. Vi kan ikkje byggja oss inn i framtida. Regjeringa satsar difor p? kollektivtransport. Vi har auka overf?ringane til fylkeskommunane kraftig. Vi har l?fta jernbaneinvesteringane. Vi har auka satsinga for ? leggja til rette for bussar og trikkar. Det blir satsa langt meir p? sykkeltiltak. Og vi har dobla bel?nningsordninga til dei st?rste byomr?da ? ei satsinga vi har varsla skal styrkast ytterlegare dei komande ?ra. I Nasjonal transportplan 2010-2019 finst det dessutan ein eigen kollektivtransportstrategi. I 2011 har vi f?resl?tt 12,1 milliardar til kollektivtransport over Samferdselsdepartementets budsjett. I tilegg kjem milliardbel?p over Kommunal- og regionaldepartementets budsjett. Dette er midlar som fylkeskommunane kan nytta til lokal kollektivtransport. Det blir satsa p? kollektivtransport ? mykje bra er p? gang!

For meir informasjon – ta kontakt med Samferdselsdepartementet via ressetelefonen: 919 14 777 (kvardagar kl. 08 – 16)0000

Authors
Top