Harstad og Bjark?y sl?r seg saman fr? 1. januar 2013 etter ?nske fr? kommunane sj?lve. Kommunane har vore gjennom ein langvarig og grundig prosess.
– Dette er nok eit godt d?me p? lokale prosessar som f?rar til samansl?ing fordi kommunane sj?lv vil det. Eg ?nskjer kommunane lukke til i det vidare arbeidet, seiar kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Etter at Mosvik og Inder?y sl?r seg saman i 2012, vil dette gje 428 kommunar i Noreg.
Den nye kommunen skal heite Harstad kommune og vil f? i underkant av 24 000 innbyggjarar. Kommunestyret skal vere samansett av 35 representantar, men i ein overgangsperiode fram til neste kommunestyreval skal kommunestyret best? av kommunestyret i gamle Harstad supplert med to medlemmar fr? kommunestyret i gamle Bjark?y.
Nye Harstad kommune vil etter samansl?inga f? eit inndelingstilskot som best?r av eit basistilskot og eit sm?kommunetilskot. Departementet vil rekne ut det endelege tilskotet i samband med budsjettet for 2013.
Kommunesamansl?inga vil ogs? bidra til etableringa av Bjark?ysambandet, tunnel og bru mellom Gryt?y og Bjark?y og mellom Gryt?y og Sand?y i Bjark?y kommune. Departementet vil oppretthalde lovnadane fr? tidlegare regjeringar og gjev 20 millionar kroner i st?tte til realiseringa av Bjark?ysambandet.
– Eg ?nskjer innbyggjarane lukke til med betre kommunikasjonsmoglegheiter. Det vil gjere det enklare ? byggje ein felles identitet i den nye kommunen, seier Navarsete.
Samansl?inga blei stadfesta i statsr?d 24. juni 2011.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.0000
Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging
