Ny trafikkavtale gir eit betre og meir attraktivt togtilbod

– Den nye trafikkavtalen mellom staten og NSB om kj?p av persontransporttenester, sikrar togpassasjerane eit betre og meir attraktivt tilbod i ?ra som kjem. Nye tog og betre kapasitet p? sporet gjer det mogleg med fleire avgangar, auka setekapasitet, redusert reisetid og betre punktlegheit, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Trafikkavtalen har ein samla verdi p? 15,42 milliardar kroner og gjeld for seks ?r, fr? 1. januar 2012 til 31. desember 2017. Avtalen im?tekjem utfordringa med det auka transportbehovet i ?ra framover. I seks?rsperioden som avtalen dekkjer, skal nye tog og eit nytt og betre ruteopplegg p? Austlandet gradvis fasast inn. Dette gjeld ikkje minst for InterCity-trafikken og for lokaltrafikken i Oslo-omr?det. I resten av landet er det lagt opp til ? vidaref?ra dei 20 eksisterande togtilboda.

Trafikkavtalen inneheld f?resegner om produksjon, ?konomi og krav til NSB. Avtalen er utforma for ? sikra ein god kvalitet p? togtilbodet til dei reisande. Nytt i avtalen er mellom anna krav knytt til ein ?kundetilfredshetsindeks? og at NSB ikkje kan overstiga eit visst tal p? forseinkingstimar som selskapet er ?rsak til. Krava til NSB har ein gitt kvalitet p? infrastrukturen som f?resetnad.

Store infrastrukturprosjekt vest for Oslo mogeleggjer ny ruteplan og utnytting av nytt togmateriell. Dette betyr omlegging til eit oversiktleg togtilbod med auka og jamn frekvens. Nesten alle passasjerar p? Austlandet vil oppleva ei betring i tilbodet:

? Eit meir kundevennleg og enklare togtilbod. Passasjerane treng ikkje ? sj? p? klokka – det kjem alltid eit tog!
? Betre driftsstabilitet ved at nye tog blir sett i trafikk.
? Betre koordinering ved overgang til annan kollektivtransport i knutepunkta.
Fr? desember 2012 skal togtilbodet p? Austlandet bli stadig betre, med fleire avgangar, auka setekapasitet og redusert reisetid. Fr? desember 2014 trappast satsinga ytterligare opp, mellom anna med fleire togavgangar og dermed fleire sete.
For fleire opplysningar ? sj?:
“Trafikkavtalen” om utf?relse av persontransport med tog 2012-2017 – Avtale mellom Samferdselsdepartementet og NSB AS (pdf)
For meir informasjon? ta kontakt via:
Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16) 0000

Authors

Related posts

Top