Prekvalifisering av Core Energy som rettighetshaver p? norsk kontinentalsokkel.

165 nye prosjekt ynskjer ? ta del i den nasjonale bulystsatsinga.
Tidlegare i vinter vart det lyst ut 47 millionar kroner i prosjektmidlar for ? utvikle attraktive lokalsamfunn i norske distriktskommunar. Fristen har no g?tt ut, og det har kome inn s?knadar fr? heile landet. Den store interessa syner at mange distriktskommunar i Noreg satsar p? utviklingsarbeid og bulyst.
– Eg er imponert over engasjementet og det store arbeidet som er lagt ned, seier statsr?d Liv Signe Navarsete. – Vi g?r no inn i ei intensiv arbeids?kt for ? handsame og finne fram til kva prosjekt vi skal st?tte. Det har kome inn s?knader som g?r langt over den pengesummen vi har tilgjengeleg. Det vil derfor vere naudsynt med ei hard prioritering for ? finne fram til dei prosjekta vi kan st?tte.
– Fylkeskommunane har gjort ein stor jobb med ? prioritere s?knadar fr? sine fylke. Den endelege avgjerda om kven som f?r tildelt midlar offentleggjerast i august, seier kommunal- og regionalministeren.
Bulystsatsinga er ein del av Regjeringa sitt distriktspolitiske l?ft. Kommunal- og regionaldepartementet tek sikte p? ? vidaref?re satsinga fram til 2013.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00
0000

Authors

Related posts

Top