Partier

Samferdselsminister Kleppa: Feil om Wider?e og startavgifter

Samferdselsdepartementet viser til oppslag og debatt i det siste om lufartsavgifter. Under f?lgjer innlegget “Feil om Wider?e og startavgifter av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa. Me ser gjerne at innlegget kjem p? trykk s? snart som mogleg.
Til redaksjonen
Feil om Wider?e og startavgifter
Av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa
Det samla avgiftsniv?et ved lufthamnene til Avinor aukar med 1,3 prosent i 2011. Reelt sett g?r avgiftene truleg ned, fordi det er venta at det generelle prisniv?et vil auka med 1,6 prosent. Opplysningane som nylig kom fram i NRK Nordland om verknadene av dei nye avgiftene og deling av startavgifta er feil.

Tvert om er Wider?e det selskapet som kjem best ut av omlegginga av startavgifta. Ei typisk Wider?e-maskin (Dash 8-100) med eit belegg p? 70 pst. f?r ein avgiftsreduksjon p? 1,9 pst. (3 kr per passasjer) p? avgangar fr? lufthamner som ikkje har rabatt p? startavgifta ? Bod? (som Wider?e nyttar relativt mykje), V?rnes, Flesland, OSL, Torp, Sola med fleire. P? avgangar fr? lufthamner som har rabatt p? startavgifta vil tilsvarande avgangar f? ein avgiftsauke p? 4,7 pst. (6,50 kr per passasjer). Dette gjeld lufthamner p? Nord-Vestlandet og Nord-Noreg utanom Bod?.

I sum gir dette ein avgiftsauke som i snitt er langt l?gare enn det som g?r fram av innslaget. I disse berekningane er det dessutan ikkje tatt h?gde for at undervegsavgifta blir redusert med 3 pst. i 2011.Dette betyr at avgiftsendringa for Wider?e i 2011 er s? marginal at det ikkje er grunnlag for ? hevda at dette skal truga enkeltruter eller flytilbodet i Nord-Noreg.
Samferdselsdepartementet vil gjerne fortsetja ? ha ein god dialog med selskapa om avgiftspolitikken. Det er sett i gang ei utgreiing av avgiftene som skal f?lgjast opp i 2011. Selskapa er inviterte til ? delta i dette arbeidet. Men ein f?resetnad for god dialog er at ein baserer seg p? fakta.

For meir informasjon – ta kontakt via:
Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 ( kvardagar 08-16)0000

Similar Posts