Internasjonalt

Självtömmande papperskorgar fr?n Envac – Mariatorget först i Sverige – invigs idag

I dag f?r 94 kommunar utbetalt til saman 275 millionar kroner i investeringstilskot til ferdigstilte omsorgsbustader og sjukeheimsplassar.
– Regjeringa er oppteken av at kommunane blir handsama likt. Kommunar som var tidleg ute og allereie er ferdig med byggjeprosjekt av omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, skal ikkje kome d?rlegare ut enn kommunar som startar utbygginga f?rst no, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Regjeringa auka investeringstilskotet til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Auken har f?tt tilbakeverkande kraft og omfattar dermed alle kommunar som har f?tt tilsegn om investeringstilskot fr? Husbanken etter at ordninga blei innf?rt i 2008. Etterbetalinga til kommunane med ferdigstilte byggjeprosjekt skjer i dag 14. juni 2011. I alt blir det utbetalt om lag 275 millionar kroner til 94 kommunar. Kommunane er varsla om etterbetalinga i eige brev.
For omsorgsbustader er tilskotet auka fr? 20 til 30 prosent og for sjukeheimsplassar fr? 30 til 40 prosent. Maksimalt tilskot er auka fr? 444 400 kroner til 666 600 kroner for omsorgsbustader og fr? 666 600 kroner til 888 800 kroner for sjukeheimsplassar, jf. Prop.65 S (2010-2011).
Investeringstilskotet er eit sentralt verkemiddel i Omsorgsplan 2015. M?let til regjeringa er ? gje tilsegn til bygging og renovering av 12 000 omsorgsbustader og sjukeheimsplassar fram mot 2015. Auken av investeringstilskotet har ein samla kostnad for heile satsinga p? 2,5 milliardar kroner. Av dette vil om lag 730 millionar kroner bli etterbetalt til kommunar som har f?tt tilsegn etter gammal tilskotssats etter kvart som byggjeprosjekta blir ferdigstilt.
Desse kommunane f?r etterbetalt tilskot i dag
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.0000

Artykuly o tym samym temacie, podobne tematy