Partier

Statsministeren p? offisielt bes?k til Japan

Milj?- og utviklingsminister Erik Solheim bes?kjer Sudan i februar 2011. Utanriksdepartementet lyser ut pressestipend i samband med reisa.
NB! S?knadsfrist tysdag 18. januar 2011.
Reisa er i samband med offentleggjeringa av resultata fr? folker?ystinga i S?r-Sudan. Folker?ystinga avgjer om det blir eigen stat eller eit samla Sudan. Noreg var ein av f?dselshjelperane for fredsavtalen, og er framleis ein viktig st?ttespelar til fredsprosessen i landet. Fredsavtalen kom i stand etter over 20 ?r med borgarkrig.
Noreg er engasjert i Sudan, og landet er mellom dei i Afrika som f?r mest i norsk bistand. Solheim har bes?kt Sudan fleire gonger ? sist i oktober 2010.
Sj? film om Noregs innsats i Sudan.
Oversikt: Kvifor er Noreg engasjert i Sudan?
Felles fr?segn om Sudan fr? utanriksministrane i Noreg, USA og Storbritannia.
For ? stimulere til kunnskap og debatt om norsk utviklingssamarbeid lyser Utanriksdepartementet ut inntil tre stipend p? inntil 15.000 kroner. Journalistar som ynskjer ? delta p? heile eller delar av reisa kan s?kje. Det vil verte krav om rekneskapsoversikt, samt kopi/lenkjer til publisert materiale. Sj? retningslinene Utanriksdepartementet har for pressestipend.
Av omsyn til visumprosessen, ber ein presse som vil vere med p? heile eller delar av reisa om ? ta kontakt s? snart som mogleg for meir praktisk informasjon. Stipendet vil kun utbetalas til journalistar som f?r visum.
Send kort s?knad med bakgrunn om s?kjar og planlagde kanalar for publisering elektronisk til . Merk e-posten ?Journaliststipend? og stil til:
Utanriksdepartementet
Avdeling for regionale sp?rsm?l og utvikling
Seksjon for etatsstyring, budsjett og forvaltning
PB 8114 Dep.
0032 Oslo
Pressekontakt: Kommunikasjonsr?dgjevar Anne Vinding, mobil 97 59 39 44
****
Pressemeldinger og nyhende om bistand og utvikling skal v?re lett ? lese. Solheims r?dgjevarar bruker Liks til ? teste kor enkle tekster er ? lese. Denne pressemeldinga har ein verdi p? 35. Det er det same som i vekeblad. Les meir om kampen for et enklere spr?k i staten hos Klarspr?k.no.0000

Similar Posts