Internasjonalt

Statsministeren til Kreta 28. mai

? Openheit er ei grunnleggjande demokratisk verdi. Eg ynskjer opne m?te i kontrollutval og kommunale f?retak, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete og sender no forslaget p? h?yring.
I desember 2009 leverte ei arbeidsgruppe oppnemnd av Kommunal- og regionaldepartementet rapporten 85 tilr?dingar for styrkt eigenkontroll i kommunane. Som eit ledd i oppf?lginga av rapporten sender no departementet framlegg til regelendringar p? h?yring. Departementet f?resl?r ?g endringar i kommunelova, inndelingslova, lov om interkommunale selskap og kvitvaskingslova.
Departementet gjer framlegg om at styrem?te i kommunale f?retak som hovudregel skal vere ope.
? Kommunale f?retak er ein del av kommunen, og det b?r vere stor grad av openheit kring deira verksemd, seier Navarsete.
I tillegg ynskjer statsr?den ? likestille kontrollutvalet med andre folkevalde organ og f?resl?r at m?ta deira som hovudregel skal vere opne. I dag vel kontrollutvala sj?lve om deira m?te skal vere opne.
Statsr?den f?resl?r dessutan endringar i f?resegna for ? sikre at kontrollutval og revisor f?r innsynsrett i alle interkommunale samarbeid etter kommunelova § 27 og i alle aksjeselskap som direkte eller indirekte er heileigde av kommunen.
? Eg vil leggje til rette for at kontrollutvalet og revisor har mulegheit til ? gjere ein god jobb. Innsynsretten er viktig i samband med selskapskontroll. Eg har forventningar om at kommunane etter kvart vil bli end? betre p? selskapskontroll, seier Navarsete.
Ho legg vekt p? at eigenkontrollen er avgjerande viktig for at kommunane skal halde orden i eige hus.
? Ein velfungerande eigenkontroll er med p? ? skape tillit hos innbyggjarane. Ansvaret for ein styrkt eigenkontroll ligg fyrst og fremst hos kommunane sj?lve. Departementet sitt ansvar er mellom anna ? s?rgje for eit godt regelverk. Med framlegga til regelendringar som no blir sende p? h?yring, vil vi bidra til det, seier Liv Signe Navarsete.
H?yringsnotatet
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.0000

Similar Posts