Statsministerens program 21. ? 26. august

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete ber om framlegg til kandidatar til Statens pris for attraktiv stad 2012.
Den nye, ?rlege k?ringa skal framheve og heidre kommunar og andre som har vist vilje og evne til ? skape ein levande og attraktiv stad for ? bu, arbeide, drive n?ring og bes?ke. K?ringa skal bidra til ? l?fte fram forbilde, som kan inspirere andre til innsats. Prisen er ei pengeg?ve p? 250.000 kroner, som skal g? til vidare opprusting av den aktuelle staden.
Kommunar og andre, som har involvert offentlege, private og frivillige krefter kan f? prisen. F?resetnaden er at dei har gjennomf?rt tiltak, som har f?rt til kvalitetsmessig og estetisk opprustning av ein stad. Opprustinga skal ha teke vare p? og vidareutvikla eigenarten til staden p? ein nyskapande og berekraftig m?te. God utforming av dei fysiske omgjevnadene er ein f?resetnad.
-Tiltaka skal vere med og auke attraktiviteten til staden og opplevinga folk har av trivsel, tilh?yrsle og stoltheit for staden, fortel Liv Signe Navarsete.
Dei som har forslag til prismottakarar m? lese statuttane som kjem p? Distriktssenteret sine heimesider godt. Framlegg til kandidatar skal sendast til Distriktssenteret, som blir sekretariat for prisen i samarbeid med Husbanken, bruk e-postadressa .

Fra venstre: Siri Benjaminsen, Erling Dokk Holm, Liv Signe Navarsete og Inger Johanne Sveen. (Foto: Halvard L?greid, KRD)
F?rsteamanuensis Erling Dokk Holm blir leiar for juryen p? tre medlemmer og to varamedlemmer. Landskapsarkitekt og sj?lvstendig n?ringsdrivande i ?rdal i Sogn, Siri Benjaminsen, og leiar for Noregs Bygdeungdomslag, Inger Johanne Sveen, er dei to andre jurymedlemene. Byplanleggar i Arendal kommune, Michael Fuller Gee, og r?dgjevar for stadutvikling i Nordland fylkeskommune, Heidi Ramsvik, er varamedlemer.
Vinnaren for neste ?rs konkurranse skal etter planen offentleggjerast i mai 2012.
Lenke til vedtektene
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon 22 24 25 00. 0000

Authors

Related posts

Top