Partier

Statsr?d Aasrud bes?ker R?ros

Regjeringa har avklart at vidare planlegging av ei utbygging av E134 over Haukeli skal ta utgangspunkt i dagens veg mellom Grost?l i Odda kommune i Hordaland og V?gsli i Vinje kommune i Telemark.
Dette inneber ny trasé i dagens korridor, med to lange tunnelar – ein p? kvar side av R?ldal.
– Avklaringa er eit viktig steg vidare i prosessen fram mot ei framtidig utbygging av vegen over Haukelifjell, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

– Endeleg prioritering av utbygginga vil bli tatt stilling til i samband med komande Nasjonal transportplan. Det arbeidet er vi no er i gang med.

St?rst trafikk
E134 er det vegsambandet som har st?rst trafikk av dei fem fjellovergangane mellom Vestlandet og Austlandet. Det har i mange ?r vore arbeidd med utbetringar som sikrar eit trygt vintersamband.

Mykje av trafikken er n?ringsretta, og det er viktig at vinterregulariteten p? strekninga blir sikra og at reisetida blir korta ned.
Konseptet som regjeringa no har valt ? g? vidare med, vil bety store innsparingar i k?yre-, tids- og ulukkeskostnader.
– Eg er glad for dette vedtaket. Det gjer at grunnlaget for vidare planlegging er p? plass og inneber gr?nt lys for det vidare arbeidet til det etablerte bompengeselskapet, seier samferdselsminister Kleppa.

For fleire opplysningar – sj?:
Rapporten Kvalitetssikring av konseptvalg (KS1) – E134 Haukelifjell (pdf)

For fleire opplysningar – ta kontakt via:
Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl 08-16)
0200

Artykuly o tym samym temacie, podobne tematy