Tidenes satsing p? forenkling

Kommunal- og regionaldepartementet st?ttar KS med 350 000 kroner til ? starte nettverk for 20 til 40 kommunar som skal arbeide med ? styrkje internkontrollen.
Nettverkskommunane skal etter planen jobbe med ? betre intern kontroll og styring i to ?r.

– Eg har spesielt tru p? grepet KS har teke n?r dei inviterer heile leiargruppa i kommunane til ? vere med i nettverk. Slik kan internkontrollen bli styrkt i heile organisasjonen. Eg har tru p? at kommunane i desse nettverka vil utvikle system for styring og kontroll som vil vere til nytte i heile kommunesektoren, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Ein rapport som KS har f?tt utarbeidd med st?tte fr? Kommunal- og regionaldepartementet, konstaterte mykje godt arbeid med internkontrollen i kommunane, men at arbeidet i for stor grad er fragmentert og usystematisk.

– Vi har f?tt fram ein del ny og viktig kunnskap om internkontroll i kommunane dei siste ?ra, men det er ikkje behov for fleire rapportar. No m? det arbeidast lokalt. Utfordringa no ligg i ? nytte kunnskapen vi har f?tt til ? lage system som gjev god kontroll, samstundes som dei m? vere handterlege for enkeltkommunar. Difor er prosjektet til KS rett tiltak til rett tid, seier Navarsete.
Departementet legg i tildelinga vekt p? at KS har lagt opp til ? nytte dei regionale r?dmannsutvala og andre KS-interne arenaer for ? formidle resultata fr? prosjektet.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.0000

Authors

Related posts

Top