Udemokratisk valg i Hviterussland sterkt beklagelig

– Utbygging av terminal 2 vil sikra ei vidare positiv utvikling p? Gardermoen. Samstundes vil ei slik utviding koma heile landet til gode. Det er no opp til styret i Avinor ? ta ei endeleg avgjerd i denne saka, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Samferdselsdepartementet har i dag vedteke ? fornya og endra konsesjonen til Oslo Lufhavn AS. Dette opnar for at Oslo Lufthavn AS kan byrja arbeidet med terminal 2-prosjektet (T2), ei utviding av terminalbygget ved Oslo lufthamn, Gardermoen.
Det er venta at flytrafikken p? Austlandet vil veksa dei neste ?ra. P?bygging av terminalen er eit prosjekt med god bedrifts?konomisk l?nsemd for Avinor og h?g l?nsemd for samfunnet. Gardermoen er eit nav b?de for flytrafikken innanlands og til og fr? utlandet. Ei vidareutvikling av Gardermoen vil sikra passasjerar fr? alle delar av landet eit tenleg flyrutetilbod ogs? dei neste ti?ra. Inntektene fr? ein st?rre terminal vil vidare medverka til at Avinor kan halda oppe eit landsdekkjande nett av 46 lufthamner i tida framover.
Konsesjonen gjeld for 20 ?r. F?rste fase av terminalutvidinga skal st? ferdig i 2017, medan andre og siste fase av utbygginga er planlagt gjennomf?rt mellom 2019 og 2029. I 2009 var passasjertalet p? om lag 18 millionar. Den maksimale kapasiteten ved den noverande terminalen er p? 23 millionar passasjerar i ?ret. N?r f?rste fase av utvidinga eventuelt er ferdigstilt i 2017, vil det vera rom for 28 millionar passasjerar i ?ret. I konsesjonen er taket sett til 35 millionar passasjerar. F?r styret i Avinor eventuelt gjer vedtak om utbygging av fase to, m? saka tilbake til regjeringa.
Kollektivdelen i tilbringartenesta til Gardermoen ligg rundt 60 prosent. I internasjonal samanheng er dette eit h?gt tal. Konsesjonen har eit krav om at Oslo Lufthavn AS skal arbeida for at kollektivdelen i tilbringartenesta kan haldast oppe p? dette niv?et.

For fleire opplysningar ? sj?:
Brev av 22. desember 2010 fr? Samferdselsdepartementet til Oslo Lufthavn AS (pdf)

For meir informasjon ? ta kontakt via:
Pressevakttelefonen, tlf.: 919 14 777 (kvardagar 8-16)
0000

Authors

Related posts

Top