vMilj?krav i EU-direktiv skal bidra til ? redusera klimagassutslepp i vegtrafikken

– Nye milj?krav knytt til offentlege innkj?p av k?yret?y skal bidra til ? fremja omsetninga av bilar og bussar med l?ge utslepp og l?gt energiforbruk. Dette seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i samband med at regjeringa truleg vil innf?ra eit EU-direktiv om fremje av reinare og meir energieffektive k?yret?y i norsk rett i siste halvdel av 2011.
– Etter ein jamn auke sidan 2000, har det i 2008 og 2009 vore ein gledeleg nedgang i klimagassutsleppa fr? vegtrafikken. Avgiftsregulering, l?gare utslepp fr? nye personbilar, og krav til innblanding av biodrivstoff, har bidratt til reduksjonen. Resultata tyder p? at tiltaka fr? regjeringa verkar . Innf?ringa av EU-direktivet er eitt nytt verkemiddel for ? m?ta klimautfordringane innanfor transportsektoren, seier samferdselsministeren.
Direktivet gjeld offentlege innkj?p av k?yret?y, innkj?p utf?rt av private operat?rar som har kontrakt om offentleg teneste i h?ve til kollektivtransportforordninga og innkj?p f?retatt av rutebusselskap .
Milj?omsynet i EU-direktivet omfattar energiforbruket og utslepp av CO2 og forureinande gassar fr? k?yret?ya.
Medlemsstatane i EU har i utgangspunktet f?tt to alternativ til gjennomf?ring av tiltak som oppfyller milj?krava i direktivet. Det kan stillast minimumskrav til energi- og milj?eigenskapane til k?yret?ya, eller det reknast inn energi- og milj?kostnader n?r ein skal vurdera tilbod om kj?p av k?yret?y. Ein kombinasjon av dei to kan ?g vera ei mogleg l?ysing i Noreg. Samferdselsdepartementet har bede Vegdirektoratet om eit framlegg til kva for kriterium som skal leggjast til grunn.
– Innf?ringa av direktivet vil auka konkurransedugleiken til mellom anna elbilar og hybridbilar, fordi dei har l?ge milj?kostnader. N?r det gjeld offentlege innkj?p av personbilar, st?r kommunane for den st?rste delen, til d?mes til bruk i heimetenesta. Med innf?ringa av direktivet vil vi om nokre ?r forh?pentleg sj? auka bruk av milj?vennlege bilar ved offentlege institusjonar i heile landet, seier samferdselsministeren.
Regjeringa tar sikte p? ? senda ut eit framlegg om regelverksendringar p? h?yring tidleg i 2011. Samferdselsdepartementet legg opp til at direktivet blir innf?rt gjennom ei ny f?resegn med heimel b?de i lov om offentlege innkj?p og i yrkestransportlova. Samferdselsdepartementet reknar det som naudsynt ? endra yrkestransportlova for ? gi tilstrekkeleg f?resegnsheimel. Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet vurderer behovet for tilsvarande endringar i lov om offentlege innkj?p.
EU-direktivet om fremje av reinare og meir energieffektive k?yret?y blei vedtatt av Parlamentet og R?det 24. mars 2009.Direktivet er rekna for ? vera E?S-relevant, men er enno ikkje innlemma i E?S-avtalen.

For fleire opplysningar ? sj?:
? Brev av 5. november 2010 fr? Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet
For meir informasjon ? ta kontakt via:
? Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)0000

Authors

Related posts

Top